Gå til hovedinnhold
Våpenskjold
Servicetorg 61 29 36 00 Send oss epost
Gjest
Lenke (kun bilde) 
Følg Vågå-skulen på Facebook
FramsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Vil du medverke?

Rundt omkring i Vågå og omegn sit det ei rekkje menneske med enorm kompetanse. Vi er interessert i å kome med kontakt med personar som kan noko, og som er interessert i å dele kunnskapen sin med den oppveksande generasjonen i kommunen. Vi treng kunnskap, kompetanse og engasjement innanfor satsingsfelta våre, og inviterer heile kommunen til dugnad for å skape Noregs beste skule.
Er du pensjonert lærar, og har lyst til å stille opp når lærarar er på kurs?

Er du bedriftseigar og kan tenkje deg å ta i mot elevar til hospitering, eller kunne du tenkje deg å undervise om det du er ekspert på?

Har du spisskompetanse på gamle tradisjonelle handverksfag som er i ferd med å døy ut?

Er du jeger og glad i jakt og fangst, og kan tenkje deg å ta med deg elevar på jaktopplevingar?

Er du ekspert på nye sosiale medium, og kan tenkje deg å lære opp elevane i korleis lage sin eigen blogg?

Vi er på jakt etter menneske som kan noko, og der vi kan lage oss ein ressursbank med kompetanse i kommunen, som kunne tenkje seg å stille opp for å lage Noregs beste skule. Vi håper så mange som mogleg kan medverke i prosjektet vårt, og ønskjer å lage ein skule der vi vidareutviklar det Vågå allereie er gode på. Men då treng vi å kome i kontakt med menneske som sit på kompetanse, og som trur dei har noko å lære elevar under opplæring. Trur du at du kan medverke, så ver ikkje redd for å ta kontakt. Vi håper alle i heile kommunen vil vere med på å lage Noregs beste skule.

Har du tips, idear, spørsmål eller innspel, nøl heller ikkje med å ta kontakt med prosjektleiaren.



 
Fri tekst 
Loading