Framdrift og finansiering
Endeleg rapport for forprosjektet vart handsama i Kommunestyret 8.februar 2011. Kommunestyret slutta seg samrøystes til konklusjonane frå forprosjektet.
Forprosjektet vart finansiert ved hjelp av skjønnsmidlar frå Fylkesmannen, regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa.
No har startskotet gått for hovudprosjektet. Utviklingsarbeidet skal vare i ei femårsperiode, og her kan du lese meir om kva vi skal gjere våren 2011 og skuleåret 2011/2012.
Vi må utvikle skule og barnehage stegvis stegvis, og saman med eitt eller fleire høgskule- og forskingsmiljø utarbeide opplegget. Det er også viktig at vi i hovudsak satsar på lærarane i skule og barnehage, sidan læraren sin rolle er avgjerande i høve til læringsutbyttet hos elevane Arbeidet i skulane og barnehagane er noko som må forankrast i forsking og kvalitetssikrast.
Framdrift og prioritering av hovudsatsingsområda må kvart år tilpassast dei ressursane som til kvar tid blir stilt til disposisjon for samfunnsutviklingsarbeidet. I tillegg vil det vere slik at vegen blir til medan ein går, og handlingsplanen kan bli justert undervegs i satsinga.
Vi har allereie sett i gang ei rekkje tiltak innanfor hovudsatsingsområda våre, og vil her ta for oss noko av det vi skal gjere våren 2011 og skuleåret 2011/2012.
Våren 2011:
o Våren 2011 vil det bli gjort ei grundig ståstadsanalyse for å finne ut kvar vi står i dag og kva av grunnleggjande element som ikkje fungerar innanfor dagens system. Her må heile personalet involverast i saman med eksterne fagmiljø for å rette opp i det som ikkje fungerar.
o Møte med lokale og eksterne aktørar for å kvalitetssikre arbeidet vårt, og avtale forpliktande samarbeidsmodellar innanfor dei tre satsingsområda våre.
o Musikalen Barnas Klimakonferanse blir gjennomført i februar
o Søknad om Comenius-samarbeidsprosjekt blir sendt 21.februar
o Foto-pilot med utstilling blir gjennomført
Skuleåret 2011/2012
o Kulturmøtesatsing (jf: 900 000 kroner frå Utdanningsdirektoratet)
o Utviklingsprosjektet ALU (Auka læringsutbytte)
o Utviklingsprosjekt i samarbeid med Utdanningsdirektoratet (40K)
I tillegg vil det vere slik at enkelte satsingar vil vere gjennomgåande og ein føresetnad for gjennomføring:
o Omfattande skolering og rettleiing av personalet vårt i praksisfeltet i metode som fungerar og som er forskingsbasert
o Rettleiing når det gjeld det skapande perspektivet og korleis vi kan bruke kunstfagleg metode i alle fag
Vi ser for oss følgjande handlingsplan over heile femårsperioda.
|
2010 - 11 |
2011 - 12 |
2012 - 13 |
2013 - 14 |
2014 - 15 |
2015 - 16 |
Ståstadsanalyser og analyse |
Våren 2011 |
|
|
|
|
|
ALU (Auka læringsutbytte) |
|
|
|
|
|
|
Tidleg innsats |
|
|
|
|
|
|
Forpliktande samarbeid med heimen |
|
|
|
|
|
|
Heilskapleg menneskesyn og skapande tiltak |
|
|
|
|
|
|
Kompetansehevingstiltak |
|
|
|
|
|
|
Kulturskulen som ressurssenter |
|
Kulturmøte |
|
Kulturkarusell |
|
|
Lokale læreplanar og tverrfaglege undervisningspakker |
Fotopilot |
|
Smaks- og matprosjekt |
|
|
|
Klimaperspektiv |
Musikal vår 2010 |
|
|
|
|
|
Dagleg fysisk aktivitet |
|
|
|
|
|
|
Internasjonalt arbeid |
|
Comenius-prosjekt |
|
|
|
|
Valfag i ungdomsskulen |
|
|
|
|
|
|
Kreativ IKT-satsing |
|
|
|
|
|
|
Undervegs- og sluttevaluering |
|
|
|
|
|
|