Gå til hovedinnhold
Våpenskjold
Servicetorg 61 29 36 00 Send oss epost
Gjest
Lenke (kun bilde) 
Følg Vågå-skulen på Facebook
FramsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Om prosjektet

Vågå kommune har sett seg som mål å lage ”Noregs beste skule” i eit aktivt og engasjerande lokalmiljø. Vi skal utvikle ein heilt unik modell for skulen, og bruke dette som verkemiddel for å få fleire innbyggarar, trekke til oss næringsliv og skape vekst og optimisme i kommunen vår. Vi skal rett og slett bruke skulen som verkemiddel for distriktsutvikling fordi vi meiner at ein god skule vil føre til at fleire av dei som er oppvakse i Vågå vil bu her når dei sjølve får barn, vi trur det vil føre til at folk vil flytte til kommunen, og ikkje minst trur vi at næringslivet vil etablere seg der innbyggarane er høgkompetente.

Kommunestyret i Vågå vedtok 8.februar ein rapport som seier at kommunen skal gå inn i eit større samfunnsutviklingsarbeid, og at innsatsen skal rettast mot barnehage og skule. Vi skal der utvikle heilskaplege menneske, og slik sørge for meir skapande menneske og eit meir skapande samfunn. Følgjande tre område skal vere gjennomgåande i satsinga vår:

o Heilskapleg menneskesyn med sansebasert læring
o Forpliktande samarbeid mellom heimen og skule/barnehage
o Tidleg innsats

Målsettinga med satsinga vår er at ungane og elevane skal føle seg som vinnarar, finne sitt talent og gå ut av skulen med så solide evner i basisfaga at dei lykkast best mogleg i arbeidsliv og privatliv. Det er viktig at ein sikrar at alle elevane i heile kommunen har vore gjennom noko av det same, og at dei lærer meir av det same innanfor dei grunnleggjande faga.

Heilskapleg menneskesyn med sansebasert læring
Professor Jon Roar Bjørkvold har skissert ein modell for læring i Vågå der han tek utgangspunkt i lokale verdiar og fortrinn og ungane og lærarane si basiskompetanse. Gjennom sansebasert læring viser han korleis vi kan byggje ein heilt unik og musisk Vågåmodell.

Innanfor det heilskaplege menneskesynet ønskjer vi å bygge satsingane rundt fem element og fem arenaer. Dei fem sansebaserte læringsvegane er gjennom kropp, auge, smak/lukt, øyre og handa. Dei fem arenaene er naturen, foto/visuell kunst, mat/smak, musikk og handverkstradisjonar. Dette satsingane skal alle stimulere det heilskaplege mennesket med siktemål å utvikle betre basisdugleikar og meir skapande individ.

Satsingane som allereie er i gang og som kjem i gang må koplast saman med dei sansebaserte læringsarenaene våre og dei tiltaka vi skal sette i verk når det gjeld å utvikle heilskapelege menneske. 3. Hausten 2011 vil vere startskot for desse læringsmåtane der vi skal bruke kulturskule som ressurssenter for opplæring i og gjennom kunstfag i skule og barnehage. At satsing på opplæring i og gjennom kunstfag vil auke læringsutbyttet på mange måtar, har støtte i ei omfattande UNESCO-undersøking og er samanfatta i rapporten ”Wow-faktoren”. Vågå kommune ønskjer ei systematisk satsing på heilskapleg læring, der elevane skal bruke fleire læringsarenaer og det i undervisninga skal bruke fleire læringsmetodar. Vi ønskjer å utarbeide ein unik modell for samarbeid mellom kulturskule, barnehage, grunnskule og SFO.

Vågå kommune har fått 900.000 kroner i stimuleringsmidlar for kulturskulen frå Utdanningsdirektoratet, som skal brukast på områda foto/visuell kunst, musikk eller smak/mat. Detaljert plan for satsinga vil vere klar i løpet av våren 2011, men vi ser det som naturleg at desse områda vil vere dei områda vi fyrst set i gang med. Vi er allereie i gang med satsing på musikk (kursdagar i musikk og Barnas klimakonferanse) og foto/visuell kunst. I saman med smaksprosjekt ser vi for oss at desse satsingane skal kome i gang fyrst i prosjektperioden.

Forpliktande samarbeid mellom heim og skule/barnehage
Det er viktig at både barnehage/skule og foreldre møter ungane med klare forventingar, har høgt læringstrykk og klarar å samarbeide med kvarandre på ein måte som set ungen i sentrum, og realiserer målsettinga om tilpassa opplæring. Vi ønskjer å arbeide systematisk med samarbeid mellom heim og skule/barnehage, og målsettinga her er at alle foreldre i heile Vågå skal vere med på dette arbeidet, og at barnehagen og skulen i samarbeid og forståing med heimen må jobbe for å utvikle det heilskaplege mennesket.

Vågå kommune vil i utviklingsprosjektet prioritere tiltak som har høg lokal tilslutning og som forsking viser har god effekt. Gjennom KS-pilotprosjektet ”Elev- og foreldremedverknad”, er det lagt eit godt teoretisk grunnlag frå både barnehage, skule og foreldra. Det styrka forpliktande samarbeid mellom partane har også politisk tilslutning frå Hovudutvalet for oppvekst og kultur. Tidleg innsats og leseopplæring, ”foreldreskule” og utvikling av foreldrenettverk er døme på konkrete tiltak innan dette området.

Tidleg innsats
Det er mykje forsking som konkluderer eintydig på at tidleg innsats er viktig både for å fremje læring, redusere åtferdsproblem og hindre fråfall. Det er viktig at hjelpa er heilskapleg og koordinert, og at ho blir sett inn i rett tid. Skal Vågå kommune lukkast med målsettingane våre om å bli eit meir skapande samfunn der alle er vinnarar, må innsatsen starte tidlegare. Utfordringar og problem må bli gripe fatt i på eit tidleg tidspunkt, og dess tidlegare, dess betre. Vi må identifisere problem så tidleg som mogleg, og ha verkemiddelapparat for å løyse desse problema. Dette er viktig fordi vi mellom anna veit at fråfall i vidaregåande skule skuldast faktorar som startar mykje tidlegare enn då eleven startar i vidaregåande opplæring.

 
Fri tekst 
Loading
Relatert info