Gå til hovedinnhold
Våpenskjold
Servicetorg 61 29 36 00 Send oss epost
Gjest
Lenke (kun bilde) 
Følg Vågå-skulen på Facebook
FramsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Opplæringsinstitusjonane i Vågå

I Vågå er det 460 elevar i grunnskulen og 127 born i den kommunale barnehagen. Desse er fordelt på ei felles ungdomsskule for heile kommunen, ei barneskule i Vågåmo, eit oppvekstsenter i Tessand, eit oppvekstsenter i Lalm, eit oppvekstsenter i Sjårdalen og Søre-Grindstugu barnehage i Vågåmo. I tillegg har kommunen to private barnehagar. Det er berre dei kommunalt eigde institusjonane som er med i dette prosjektet.

Alle dei offentlige opplæringsinstitusjonane i Vågå skal vere med i prosjektet om å lage ”Noregs beste skule”. Det er altså ikkje knytt til ei bestemt skule, men til alle skulane i kommunen. Vågå ønskjer at alle skulane skal ha ein felles profil, og at elevane i Vågå skal vere stolt av å ha gått på skule her. Sjølv om alle skulane er med i prosjektet, og har slutta seg til prosjektet vårt, så styrer dei ulike institusjonane seg sjølv i forhold til kva dei vil vere med på og kva dei ikkje vil vere med på. Ei ungdomsskule vil også satse på praktiske fag på ein annan måte enn ein barnehage. Det vil difor vere ulike korleis dei gjer det på dei ulike skulane, men alle institusjonane skal satse på det som er unikt for Vågå mellom anna ved å bruke ei meir praktisk tilnærming til faga, og ved å bruke kunst og kultur meir aktivt i undervisninga og i skulekvardagen.

Her kan du lese meir om opplæringsinstitusjonane på heimesidene deira:

Lalm Oppvekstsenter

Tessand Oppvekstsenter

Sjårdalen Oppvekstsenter

Søre-Grindstugu Barnehage

Vågåmo skule

Vågå ungdomsskule
 
Fri tekst 
Loading