Forprosjektet
2010 vart brukt til eit omfattande forprosjektarbeid for å få heile Vågå-samfunnet med på å gje innspel til innhaldet i skule og barnehage, og korleis bruke dette til ei god samfunnsutvikling.
Kommunestyret i Vågå slutta seg 19.mai 2009 til målsettingane i diskusjonsnotatet ”Skulen i Vågå – eit nasjonalt fyrtårn for kompetansebygging og samfunnsutvikling”. Fylkesmannen har gått inn med midlar til finansiering av forprosjektet, og grunnfinansiering av forprosjektet er finansiert av Fylkesmannen og kommunen med tre hundre tusen kvar.
Forprosjektet starta i januar 2010. Måla og rammene for forprosjektet vart i ein forprosjektplan handsama i prosjektstyret 8.april.
Forprosjektet starta i januar 2010. Formannskapet vedtok 9.februar 2010 at dei fire satsingsområda skulle vere estetiske fag, IKT, matkultur og fysisk aktivitet og ”det globale i det lokale”. Det vart sett ned fire undergrupper, med ansvar for kvar sitt satsingsområde. Frå mai-oktober 2010 jobba undergruppene med å svare på mandatet dei hadde fått i oppdrag frå prosjektgruppa.
Prosjektgruppa fekk så overlevert rapportane frå undergruppene. Det er desse rapportane, saman med andre signal i forprosjektet, som skal danne grunnlag for den ferdige prosjektrapporten.
Elles i forprosjektet har også følgjande blitt gjort:
- Informasjons- og innspelsmøte i alle grender der alle innbyggjarane i heile kommunen har fått invitasjon
- Dialogmøte med friviljuge lag og organisasjonar
- Samtaler om prosjektet med både tilsette i skulen, og andre kommunale etatar som har kontakt med skulen
- Statusrapport om tilstand i skule og barnehage i høve til skuleprosjektet
- Møte med utflytta vagværer og vågåvener i Oslo og Trondheim
- Avtale inngått med Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa
- Avtale inngått med regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen
- Møte med ei rekkje universitets- og høgskulemiljø om mogleg samarbeid
- Diverse møte med friviljuge, næringsliv og andre aktørar både internt og eksternt
- To kursdagar for musikktilsette i heile norddalsregionen med organisasjonen ”Musikk i skolen”
- Inspirasjonskveld for tilsette med Inge Eidsvåg
- Inspirasjonskveld med musikkprofessor Jon Roar Bjørkvold
- Alle undergruppene i prosjektet, samt prosjektgruppa, hadde inspirasjonsdag med Jon Roar Bjørkvold
- Inspirasjonskveld med fotograf Morten Krogvold
- Fotoprosjekt i startfasa, og det er kjøpt inn kamera til bruk i skulane og barnehagane
- Alle elevar skal ha hatt moglegheit til å diskutere skule og kva dei ønskjer seg av endringar
- Heimeside, blogg og månadleg nyheitsbrev om skuleprosjektet blir sendt ut.
- Profilering av prosjektet både internt og eksternt
Sjå elles dokumenta som ligg på denne sida for meir informasjon.