Forpliktande samarbeid heim-skule
Det er viktig at både barnehage/skule og foreldre møter ungane med klare forventingar, har høgt læringstrykk og klarar å samarbeide med kvarandre på ein måte som sett ungen i sentrum, og realiserer målsettinga om tilpassa opplæring.
Vi ønskjer å arbeide systematisk med samarbeid mellom heim og skule/barnehage, og målsettinga her er at alle foreldre i heile Vågå skal vere med på dette arbeidet, og at barnehagen og skulen i samarbeid og forståing med heimen må jobbe for å utvikle det heilskaplege mennesket.
Vi må bygge opp forpliktande samarbeidsavtaler mellom skule/barnehage og heimen, og vidareutvikle det arbeidet som allereie har skjedd m.a. med årshjulet som var lagd som følgje av eit KS-pilotprosjekt i 2010. Vi må også skape arenaer og verktøy for foreldreengasjement og foreldremedverknad i tillegg til dei etablerte fora som FAU, KFU med meir. Den enkelte skule må forplikte seg på å vurdere og følgje opp innspel frå foreldra, slik at foreldra opplever reell medverknad. Vi må også utarbeide system for å trekke foreldra aktivt med for reell medverknad i arbeid og planar for å styrke det psykososiale miljøet i skulane.
Positiv medverknad frå motiverte foreldre er ein av dei aller viktigaste suksessfaktorane for satsinga. Det er den enkelte rektor eller barnehagestyrar som må kjenne ansvar for å få dette til å fungere. Vi må lage system som sikrar at heimen og skulen/barnehagen dreg i same retning.
Vi er no i gang med å finne ut korleis vi skal gjere dette arbeidet og korleis vi skal få det til å fungere. Tiltak vil bli sett i gang frå og med neste haust i tett samarbeid med det kommunale foreldreutvalet og eksterne kompetansemiljø.