Heilskapleg menneskesyn
Vågå ønskjer gjennom satsinga å ta i bruk dei lokale fortrinna og arenaene våre i sansebasert og skapande læring for å sørgje for at elevane får auka livskompetanse og fagkompetanse. Vi ønskjer å bruke arenaer i Vågå som naturen, matkultur, foto og visuell kunst, musikk og lokale handverkstradisjonar. Vi gjer dette for å stimulere alle sansane til elevane.
Professor Jon Roar Bjørkvold har skissert ein modell for læring i Vågå der han tek utgangspunkt i ungane sin basiskompetanse. Gjennom sansebasert læring viser han korleis vi kan byggje ein heilt unik og musisk Vågåmodell.
Innanfor det heilskaplege menneskesynet ønskjer vi å bygge satsingane rundt fem element og fem arenaer. Dei fem sansebaserte læringsvegane er gjennom kropp, auge, smak/lukt, øyre og handa. Dei fem arenaene er naturen, foto/visuell kunst, mat/smak, musikk og handverkstradisjonar. Desse satsingane skal alle stimulere det heilskaplege mennesket med siktemål å utvikle betre basisdugleikar og meir skapande individ.
Satsingane som allereie er i gang og som kjem i gang, må koplast saman med dei sansebaserte læringsarenaene våre og dei tiltaka vi skal sette i verk når det gjeld å utvikle heilskapelege menneske. Hausten 2011 vil vere startskot for desse læringsmåtane der vi skal bruke kulturskule som ressurssenter for opplæring i og gjennom kunstfag i skule og barnehage. At satsing på opplæring i og gjennom kunstfag vil auke læringsutbyttet på mange måtar, har støtte i ei omfattande UNESCO-undersøking og er samanfatta i rapporten ”Wow-faktoren”. Vågå kommune ønskjer ei systematisk satsing på heilskapleg læring, der elevane skal bruke fleire læringsarenaer og det i undervisninga skal bruke fleire læringsmetodar. Vi ønskjer å utarbeide ein unik modell for samarbeid mellom kulturskule, barnehage, grunnskule og SFO.
Vågå kommune har fått 900.000 kroner i stimuleringsmidlar for kulturskulen frå Utdanningsdirektoratet, som skal brukast på områda foto/visuell kunst, musikk eller smak/mat. Detaljert plan for satsinga vil vere klar i løpet av våren 2011, men vi ser det som naturleg at desse områda vil vere dei områda vi fyrst set i gang med. Vi er allereie i gang med satsing på musikk (kursdagar i musikk og Barnas klimakonferanse) og foto/visuell kunst. I saman med smaksprosjekt ser vi for oss at desse satsingane skal kome i gang fyrst i prosjektperioden.