Tidleg innsats
Skal Vågå kommune lukkast med målsettingane våre om å bli eit meir skapande samfunn, må innsatsen starte tidlegare. Utfordringar og problem må bli gripe fatt i på eit tidleg tidspunkt, og dess tidlegare dess betre. Vi må identifisere problem så tidleg som mogleg, og ha verkemiddelapparat for å løyse desse problema. Dette er viktig fordi vi mellom anna veit at fråfall i vidaregåande skule skuldast faktorar som startar mykje tidlegare enn då eleven startar i vidaregåande opplæring.
Vi trur at mange av utfordringane ungdom møter seinare i livet, og mangel på motivasjon for skule og lærdom, kan reduserast om vi konsentrerer innsatsen i barnehagen og tidleg i skuleløpet. Slik kan vi forhåpentlegvis også redusere behovet for spesialundervisning og lukkast betre med den tilpassa opplæringa.
For oss i Vågå handlar tidleg innsats om at ein så tidleg som mogleg skal identifisere behov hos den enkelte elev, slik at ein lukkast med tilpassa opplæring gjennom heile opplæringsløpet. Vi må sjå heile ungen i samanheng, og rette innsatsen dit det gjev størst effekt. Vi meiner at hovudinnsatsen må rettast inn mot barnehageungane i dette arbeidet, og at vi må sette personellet i barnehagen i stand til å identifisere den enkelte sine behov. Vi må også skape samarbeidsmodellar for korleis vi skal samhandle med heimen i høve til å gje ungane det aller beste utgangspunktet. Å sjå heile ungen i samanheng må starte i barnehagen. Dette arbeidet må sjølvsagt fortsette i skulen, og tidleg innsats betyr også at ein i dei fyrste skuleåra må ha eit spesielt fokus på å identifisere den enkelte unge sine behov innanfor rammene av det sosiale fellesskapet.
Det er mykje forsking som peiker på kor viktig det er med tidleg innsats, og at ting som språkopplæring i barnehagen og det å ha gått i ein barnehage med høg kvalitet, vil auke sjansen for å fullføre vidaregåande opplæring. I tillegg er det også viktig at ein har tiltak seinare i skuleløpet som fremmer motivasjonen hos elevane .
Det er viktig at vi klarer å lukkast med tidleg innsats utan at barnehagane blir miniversjonar av dagens ”skulekultur”. Leik og det å stimulere til det heilskaplege mennesket skal enno vere det viktigaste området i barnehagane, og personellet må setjast i stand til å gjennomføre rammeplanen i barnehagen, som i stor grad byggjer opp under eit heilskapleg menneskesyn.
I dette arbeidet må vi klare å samarbeide med andre aktørar som har stor kompetanse på ungar si utvikling – slik som til dømes sosial utvikling, sosial kompetanse og språkutvikling. Det er også viktig at ein i barnehagane arbeider systematisk med inkludering, slik at alle ungane føler dei er ein del av ein heilskap, og gleder seg til kvar dag i barnehagen. I den samanheng er det viktig å samarbeide med aktørar som har sosialfagleg og språkleg kompetanse.
Fråfall frå vidaregåande skule er ei utfordring som må møtast med tidleg innsats, og det er viktig at dette arbeidet blir sett i system. Ikkje minst er det viktig å ta ”foreldre-fråfallet” på alvor, for dette viser seg ofte allereie tidleg i grunnskulen, kanskje også i barnehagen. Med dette meiner vi manglande engasjement og deltaking frå foreldra - i eleven sitt skulearbeid, oppmøte på foreldremøte med meir.
Vågå kommune ønskjer å satse på systematisk arbeid for å realisere det heilskaplege menneske og kombinere dette med satsing på tidleg innsats. Vi meiner at systematisk arbeid med fokus på tidleg innsats, vil føre til sparte kostnadar seinare i livet for den enkelte og for samfunnet. Ikkje minst vil det medverke til at fleire finn sine talent, sine meistringsarenaer og fullfører vidaregåande opplæring.