Vassmålaravlesing - frist 15. desember 2023

Det er tid for å lese av vassmålaren på eigedomen, slik at vi kan avrekne vassforbruket.

Bruk denne lenka for å komme til registreringa

Brukarnamn og passord står i informasjonsbrev som du får tilsendt frå Vågå kommune.

 

Nokre målarar har desimaltal, og dei skal ikkje takast med ved føring av målarstanden.

Avrekning og årsoppgjer kjem på 1. termin for kommunale avgifter på nytt år.

Lekkasje som skjer innafor vassmålar blir registrert på telleverket som forbruk og belasta abonnenten. For å sjekke røyrsystemet kan du sjå på det vesle tannhjulet under glaset på målaren. Det skal stå stille når det ikkje blir tappa vatn.

Har du spørsmål, ta kontakt med Vågå kommune på tlf 91 17 07 17.

Frist

Du kan lese av målaren no med ein gong, eller seinast innan 15. desember 2023.