Utdeling av nye søppelsekkar

Nye søppelsekkar blir køyrd ut frå 30. september.

Viktig melding til alle abonnentar:

Det er viktig at alle merkar hus/postkasse/inngangsparti med husnummer, slik at det er mogleg å finne fram og at alle får levert rett antall sekkar til rett hus.

Det er vanskeleg for dei som gjer jobben å dele ut rett, når dei ikkje er sikre på kven sitt tun dei står på.

Merking av hus er nedfelt i lokal forskrift, og er også viktig for at ambulanse og brannvesen raskast mogleg skal kunne finne fram.