Tilskot til jordbruks- og setervegar utanom statsallmenningen i Vågå

Det er for 2018 avsett midlar til tilskot til jordbruks- og setervegar utanom statsallmenningen i Vågå. Tilskot kan gjevast til nyanlegg og vedlikehald.

Søknad om tilskot skal sendast til Vågå kommune, Landbrukskontoret for Sel og Vågå, Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå, innan 9. mai.

Søknadsskjema får du ved å kontakte landbrukskontoret.

Kontakt

Bjørn Tore Karlstad
Konsulent
Telefon 61 29 36 73
Mobil 957 96 218