Sortering av hushaldningsplast

Frå mars månad er det mogleg å levere sortert, reingjort emballasjeplast i eigne sekkar. 

Husstandar i norddalen kan no på frivillig basis levere emballasjeplast, melder NGR. Sjå i hentekalenderen for nærare om datoar og køyreruter.

Kva kan leverast og kva skal ikkje vere med?

I ei informasjonsbrosjyre (PDF, 3 MB)viser dei kva som skal sorterast og kva som ikkje skal vere med. 

Utfyllande informasjon om ordninga ligg på NGR sine nettsider.

Kva skal du samle plasten i?

Det skal brukast særskilde 140L sekkar (sjå bilete under) og den grå, vanlege restavfallsekken skal ikkje brukast til denne plastsorteringa.

Kor får du tak i sekkar?

Dei som ønskjer å delta i denne frivillige ordninga, må sjølve hente sekkar anten på kommunehuset eller på miljøstasjonen. 

Sekkane blir delt ut gratis.

Kvar abonnent får 1 rull med 12 sekkar. Til hausten vil desse sekkane bli køyrd ut saman med ordinære restavfallsekkar.

 

Kva med bedriftar?

Ordninga gjeld for hushaldningar. Bedrifter har andre ordningar og bedriftskunder blir bede om å ta direkte kontakt med NGR.