Ryddeaksjon - søppelplukking

3. mai skal heile Norge ryddast! 

Bli med og plukk søppel i Vågå, torsdag 3. mai - måndag 7. mai, og hald Vågå og Norge reint!

Ingen kan ta alt, men alle kan ta litt.

Plukk plastikk i ein pose og anna søppel i ein annan pose. Det vil stå plastikksekkar utanfor kommunehuset som plastikken kan leggjast oppi, om det er behov for dette. Ekstra, gratis plastikksekkar får du også i servicetorget.

Alle som leverer liste med namn, telefonnummer, kvar du har plukka og kor mykje, er med i trekninga av eit gåvekort på kr 1.000,-. Lista kan leverast til servicetorget eller på epost til mona.sveen@vaga.kommune.no innan 8. mai. Send gjerne også med bilete av det du har rydda.

Kontakt

Mona Sveen
Folkehelsekoordinator
Mobil 996 93 818