Røykvarslarar reddar liv

I desember i fjor døydde det åtte nordmenn i brann. Det vil seie at det omkom ein person kvar fjerde dag. Bruk Røykvarslardagen 1. desember til å byte batteri og teste røykvarslarane dine.

I perioden 2000 og fram til i dag har det vore 3.189 bygningsbranner i Oppland. Det har omkomme 52 personar i brann i samme periode. To personar har så langt i år omkomme i brann i fylket.

Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader der røykvarslarane ikkje fungerer. Når ein brann oppstår har du få minutt på deg til å komme deg ut av huset.

Alle bustader skal ha røykvarslar

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Du skal kunne høyre alarmen tydelig på oppholdsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka. 

- Du bør koble røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere og vere med på å redde deg og din familie, seier brannsjef Pål Øygarden.

Røykvarslarar bør testast jamnleg og når du har vore bortreist over lengre tid. Det er også en fordel å støvsuge den jamnleg. Det aukar levetida på varslaren.

- Levande ljos, peiskos, bruk av komfyr og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjør det difor til ein hugseregel å bytte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, sier Øygarden

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom DSB, Norsk brannvernforening, Gjensidige, det lokale elektrisitetstilsyn og brann- og feiervesenet.

Gratis batteri til røykvarslarane dine

Fredag 1. desember kan du få nye batteri til røykvarslarar og informasjon om branntryggleik ved å besøkje ein stand på Coop Mega. Der vil representantar for Gjensidige, Eidefoss og Vågå brannvesen vere tilgjengeleg for spørsmål frå kl 10.00 og utover dagen.

 

roykvarslerdagen.no finner du nyttig informasjon om tiltak som bedrer brannsikkerheten. 

Kontaktpersoner lokalt:
Brannsjef Pål Øygarden, tlf 61 29 36 67

Kontakt

Pål Øygarden
Økonomikonsulent
Mobil 911 70 717