Ny forskrift om bandtvang i Vågå kommune

Vågå kommunestyre vedtok den 06.03.2018 ny forskrift om bandtvang i Vågå kommune. Forskrifta tok til å gjelde frå vedtaksdato. Forskriftsteksta er også å finne på Lovdata.

Frå 1. april gjeld ordinær bandtvang.

Den nye lokale forskrifta for Vågå kommune er slik:

§ 1.Eigar eller innehavar av hund i Vågå kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 1. oktober i dei område der husdyr har rett til å beite og faktisk beitar.

§ 2.Rådmannen i Vågå blir gjeve fullmakt til å innføre bandtvang under ekstraordinære forhold som gjer det påkravd for å verne om viltet.

§ 3.Denne forskrifta gjeld ikkje for:
a) dresserte gjetarhundar i arbeid 

b) tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving 

c) hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt 

d) jakthundar som nyttast under lovleg jakt, samt under lovleg trening eller prøving og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar 

e) hund nytta til lovleg uttak av rovvilt 

f) organisert trening av brukshundar. 

§ 4.Brot på denne forskrifta er straffbart, sjå lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald § 28.

§ 5.Denne forskrifta trer i kraft  frå vedtaksdato, 06.03.2018. Samstundes blir forskrifta av 30. mai 2006 nr. 5871 om bandtvang for hund, Vågå kommune, Oppland, oppheva.

 

Utvida bandtvang

Vågå kommune innfører frå 07.03.18 utvida bandtvang under tregrensa for å verne om viltet.  Det er klagerett på vedtaket.


Med heimel i kommunal forskrift om bandtvang i Vågå, § 2, vedteke 06.03.2018 innfører Vågå kommune bandtvang for hundar som er ute, under tregrensa.  Eigar eller innehavar av hund i Vågå kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda frå vedtaksdato (07.03.2018) og fram til rådmannen opphevar vedtaket.


Grunngjeving:

Utvida bandtvang blir innført  for å verne om viltet, spesielt rådyr, pga. mykje snø i skogområda.   

 

Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Oppland.  Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen da brevet kom fram til påført adressat. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt innan fristen.

Klaga skal sendast skriftleg til den som har fatta vedtaket, opplyse om  vedtaket det blir klaga over, den eller dei endringar som er ønskelege, og grunnen  for klaga.  Dersom du klagar så seint at det kan vera uklart for oss om du har klaga i rett tid, må du gje opp når denne meldinga kom fram.

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.