Landbrukskafe med tema nydyrking

Landbrukskafe med fokus på nydyrking, i Sjårdalen torsdag 19. oktober kl 11.00 - 14.00.

Det blir dyrka ein del areal i Vågå og Sel. Kommunane gir dyrkingstilskott på maksimalt kr. 30.000,-.  

Vi ønskjer å sette fokus på nydyrking gjennom ein landbrukskafé.

Oppmøte er Stokstadåsen i Sjårdalen , sjå kart. Sving inn i Stokstadåsen bustadfelt. Det blir skilta.

Landbrukskafe nydyrking - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi ser på nydyrking hjå Aslak Haugen og på Klones (om det blir tid)

 

Program

Førebuing til nydyrking

  • Søknadsprosedyre og godkjenning.  Kva legg forvaltninga vekt på v. Landbrukskontoret
  • Vurdering av eit areals eignaheit for nydyrking v. gardbrukar og  Garmo Maskin v. Odnes 971 94 339

Gjennomføring av nydyrking

  • Aktuelle maskinar for gjennomføring av nydyrking og praktisk gjennomføring av nydyrking, dyrkingsavfall, røter og stein.  Kostnad  v. Garmo Maskin 
  • Eigeninnsats – kva kan ein gjere sjølv?  v. Aslak Haugen?
  • Dreneringsbehov, oppgjødsling og tilsåing, behov for tilføring av kalk og mikronæringsstoff v. NLR
  • Alternativ til nydyrking – kultivering av beite, leigejord

Erfaringsutveksling - Hans Tolstad og Helge Sandbu fortel litt frå sin ståstad – om det blir tid reiser vi opp til nydyrkingsarealet på Klones.

Servering!

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Telefon 61 29 36 71
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.