Innspel til kulturkalender - 2. halvår 2017

Vågå og Sel kommunar skal gi ut felles kulturkalender for perioden 1. september - 31. desember 2017.

Har du innspel om arrangement, møte eller hendingar som bør vere med? Meld frå innan 10. august.

Innspel kan sendast til stein.holen@vaga.kommune.no.

Innspel som kjem inn etter fristen blir ikkje med i den trykte utgåva, men vi tek løpande imot hendingar for publisering på nettsidene våre.

Den trykte kulturkalenderen blir distribuert til alle husstandar i Vågå og Sel, til reiseliv, bedrifter, avisar, Digi-poster og media.

Arrangement bør vere av allmenn interesse og vi ber om følgjande opplysningar:

  • Namn på arrangement
  • Dato og tidspunkt
  • Arena/kvar skjer det
  • Kven er arrangør
  • Andre opplysningar som kan vere aktuelle

Kontakt

Stein Holen
Konsulent
Mobil 957 49 880