Har du innspel til kulturkalenderen?

Vågå og Sel kommuner skal gi ut ny, felles kulturkalender for perioden 1. juni - 31. august 2018. Har du arrangement innafor dette tidsrommet, meld frå innan 4. mai, slik at dei blir med i kalenderen.

Vågå og Sel kommuner gir ut felles kulturkalendrar tre gongar i året. Ein ny for sommarmånadene skal no lagast og vi ber om innspel til arrangement innafor tidsrommet 1. juni - 31. august.

Siste frist for attendemelding om arrangement er: 4. mai 2018.
Meldingar etter denne dagen blir ikkje med i den trykte kalenderen, men vil kunne leggjast på nettsidene til kommunen.
 
Kulturkalenderen blir distribuert til alle husstandane i Vågå og Sel, til reiseliv, bedrifter og aviser. 
 
Arrangementet bør vere av allmenn interesse, og vi ber om følgjande opplysningar:

  • Namn/tittel å arrangementet
  • Dato/tidspunkt/varigheit
  • Arena/kvar skjer det
  • Arrangør
  • Andre opplysningar som kan vere av interesse

 Vi ber om at attendemeldingar på arrangement blir sendt: Vågå kommune mrk. Kultur, levert i servicetorget eller på mail til: stein.holen@vaga.kommune.no

Kontakt

Stein Holen
Konsulent
Mobil 957 49 880