"Noregs beste skule"
Vågå kommune ønskjer å skape ein heilskapleg skule i eit engasjert lokalsamfunn for å oppdra heilskaplege menneske. Vi skal sjå heile eleven i skulen i Vågå, og stimulere alle sansane til elevane.
Med ein heilskapeleg skule meiner vi ein skule som ser heile menneskesinnet, og som stimulerar til at elevane kan bli både meningssøkjande, skapande, arbeidande, allmenndanna, samarbeidande, miljømedvitne og integrerte, slik den generelle læreplanen seier skulane skal gjere.
Som verkemiddel for å få til dette ønskjer vi å bruke den lokale Vågå-kulturen for å byggje opp under elevane sin identitet, og skape trygge menneske som skal medverke til å gjere samfunnet vårt betre.
Vågå kommune tek skuleeigarrolla og einskapsskulen på alvor, og vi vil bruke det kommunen allereie er gode på til å lukkast med tilpassa opplæring. Vi skal lage ”Noregs beste skule” fordi vi trur dette er det viktigaste verkemiddelet for folketalsauke, eit meir robust næringsliv og for å skape utviklingsoptimisme i Vågå. Ved å bruke lokal kultur i dette arbeidet, ønskjer vi å utvikle ein heilt ny modell for skulen.
Slik skal vi gjere ein distriktskommune som Vågå mest mogleg attraktiv som bu- og tilflyttingskommune.
Du kan lese meir om prosjektet på eigne heimesiderProsjektet har og eiga Facebookside