Etablering av undervisningsheimetenester er ei nasjonal satsing på fagutvikling, praksisnær forskning og etablering av gode læringsmiljø innan heimetenestene.
Det er nemnt ut 19 undervisningsheimetenester i Noreg, ei i kvart fylke. Etter felles søknad har kommunane Vågå, Lom og Skjåk fått tildelt status som undervisningsheimetenester i Oppland. Vi vart vald fordi vi representerar utkantkommuner med stor avstand til sjukehus og store geografiske utfordringar for heimetenestene. Andre kommuner i same situasjon kan lære av våre erfaringar.
Det er føresett at vi etablerer eit tett samarbeid med Distriktsmedisinsk senter på Otta, og kan utvikle ein arena for samhandling og samarbeid over kommunegrensene. Felles satsing på kompetanseutvikling er viktig for utvikling av gode tenester.
Satsinga på undervisningsheimetenester skal bidra til å heve det faglege nivået, den faglege prestisjen og styrke rekrutteringa av kompetente medarbeidarar.
Samarbeidskommunar:

Hovudmål med prosjektet er å
- gje brukarane tenester av høg kvalitet
- etablere praksisnær forskning
- etablere eit felles kompetansemiljø i prosjektregionen
- bidra til tydeleg og utviklingsorientert leiing
- inngå forpliktande samarbeidsavtaler med eksterne aktørar
i tråd med prosjektet sin verdiprofil SAMAN
-
Samspel
-
Ansvar
-
Medverknad
-
Arbeidsglede
-
Nytenking
Vi har vald å satse særleg på 6 fagemne:
Brukarmedverknad – prosjektmedarbeidar Rikke Ene Hegge, Lom Kommune
Etikk – prosjektmedarbeidar Edel Kveen, Lom Kommune
Diabetes – prosjektmedarbeidar Annie Kroon, Vågå Kommune
Kreftomsorg – kontaktperson Bente Aasheim, Vågå Kommune
Rehabilitering – prosjektmedarbeidar Elisabeth C. Lunde, Skjåk Kommune
Nærare opplysningar kan fås av prosjektleiar Åse-Kari Kobbersletten
ase-kari.kobbersletten@vaga.kommune.no tlf 61 29 37 68/917 47 789
Undervisningsheimetenesta er organisert som eit prosjekt, der prosjektgruppa er prosjektleiaren og dei 6 prosjektmedarbeidarane.
I tillegg er det eit prosjektstyre og eit styringsråd.