Rådmannen
Rådmann Tor Arne GangsøTlf 61 29 36 13
Fax 61 29 36 01
Mobil 41 56 27 77
e-post
Rådmannen har den overordna leiinga av kommunen si samla verksemd. I dette ligg det å legge til rette for og koordinere dei oppgåvene kommunen har, sjå til at politiske vedtak vert gjennomført og føre tilsyn med heile forvaltninga i kommunen.
Rådmannen si rolle er både ein funksjon og ei stilling. Denne heilheitlege rolla som kommunen legg til grunn, kan ikkje utøvast av ein person åleine, med blir utøvd av eit team samansett av dei fire sektorsjefane i kommunen, og til dagleg kalla den administrative leiargruppa.
Målet for leiargruppa er å leie, utvikle og samordne tenestetilbodet og sikre best mogleg utnytting av menneskelege og økonomiske ressursar til beste for innbyggjarar og i samsvar med vedtekne politiske mål.