Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Servicetorg 61 29 36 00 Send oss epost
Større tekstMindre tekst
Gjest
 
FramsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Ordførarsida



Kjære Vågåven
Fint du tek turen innom heimesida til Vågå kommune.

Iselin Jonassen




Ordførar Iselin Jonassen (AP)
Tlf 61 29 36 05
Mobil 91 64 35 00
iselin.jonassen@vaga.kommune.no
Iselin Jonassen på Facebook






Dette fortel om interesse for kommunen vår. For å finne ut meir om kva kommunen har av tenester, korleis desse er organisert og kva kvalitetar du vil finne om ønskjer å busette deg eller allereie bur i Vågå.

Oss ønskjer aktiv dialog med dei som har interesse av å ta del i framtidsbygginga av Vågå. Ein kommune som ønskjer å ha solide tenester for alle og gjennom ulike fasar av livet. Og vi ønskjer å utvikle ein kommune som skal ta vare på historia, kulturuttrykk og natur. Samstundes som vi skal byggje vidare på dette og ta det i bruk med tanke på å byggje eit lokalsamfunn som er i utvikling, som vi er stolte av, og som er inkluderande og robust.

For Vågå er gode tenestetilbod viktig. Full barnehagedekking, sjukepleiardekking, legedekking og god tilgang til bustadtomter er sjølsagt. Barn og ungdom skal bli høyrde på og prioriterte gjennom barnehage, skule, organiserte og uorganiserte tilbod. Når helsa sviktar skal alle – ansett alder – føle seg trygge på at hjelpa er der, kompetansen er der og at du får den hjelpa som er mogleg å skaffe til ei kvar tid.

Vågå har breidde. Eit godt utbygt kommunesenter med dei fleste handels- og servicetilbod, kulturhus, ungdomshus og meir til. Og vi har grender med god plass, meir ro og med gode skule, barnehage og grendehus.

Vågå er også oppleving og deltaking. Gjende og Besseggen, Sjodalen, Riddarspranget, Vågåkyrkja med element frå 1100-talet, bygdatunet Jutulheimen, det særprega kulturlandskapet i grenda Nordherad og eit av dei flottaste utsiktpunkta i landet, Blåhø. Mykje meir kan nemnast. For Vågå er noko for alle årstider. Snø og bre både sommar og vinter, rafting, seglfly, paragliding og hanggliding. Ski både i bakke og i terreng. I Vågå finn du også det fremste av dei to største hobbykativietane i verda, nemleg fisking og foto. Fisking i Vågåvatnet tiltrekkjer seg fleire og fleire. Sjoa og andre elver og vatn inviterer også til fiske og rekreasjon. Vågå er framfor nokor anna kommune fotokommunen i landet. Dette har Vågå kameraklubb og Morten Krogvold sørga for. Meir enn 100 fotokurs har Krogvold arrangert på Vågå Hotell dei siste åra. Med deltakarar frå heile landet og med forelesarar / instruktørar frå heile verda. Arne Brimi har meir enn nokon annan sett det lokale og regionale matkartet på verdsmenyen. Gjennom kreativitet, nytenkjing og litt dristigheit har han gjennom bruk av naturens matkammer tatt i bruk, foredla og servert matrettar for både lokale, reginale, nasjonale og internasjonale ganar. Som Arne Brimi har gjort innan sitt fagområde, har vi mange døme på andre personar og fagmiljø som gjennom kløkt og kreativ handling har skapt solide og framtidsretta arbeidsplassar i kommunen. Og andre er velkomne til å gjere det same.

Landbruket er og har vore næringsgrunnlaget i kommunen. Men Vågå er også servicenæringar, mekanisk industri, reiseliv, handel, mat, treforedling, ny teknologi og mykje meir. Men vi har plass for enda fleire. Har du planar om å starte for deg sjølv, ta kontakt med oss. Saman med Vågå næringshage, Regionkontoret for Nord-Gudbrandsdalen Oppland fylkeskommune, Innovasjon Norge, Senter for industrivekstanlegg SIVA, Fylkesmannen i Oppland, Connect Aust og fleire til skal vi gjere det vi kan for at nettopp du får kunnskap, motivasjon og økonomi til å ta steget frå ide til realisering.

Bruk heimsida vår aktivt. Som verkty og kunnskapsbase og for å kome med synspunkta dine. Håpar Vågå blir enda meir interessant og opplagt når du gjennom heimesida vår får meir kunnskap og aktivt kan ordne opp i behov som du har.

Tema - info 
Vågå, Redaktør , 15.10.2007 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Tema - rediger 
Bilde - liten 
Bunnlogo noreg liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo regjeringa liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo fylkesmannen liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo ofk liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo nasjpark liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune