Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Servicetorg 61 29 36 00 Send oss epost
Større tekstMindre tekst
Gjest
 
FramsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Renovasjon

¤EPII_TITLE¤ Kommunen skal sikre at alle abonnentar får henta sitt hushaldningsavfall. I tillegg skal kommunen gje eit tilbod til dei som har meir avfall enn det som kan leverast i den ordinære renovasjonsordninga ved Miljøstasjonen i Vågåmo.

Tenesta omfattar:
Henting av hushaldningsavfall etter fastsett hentekalender etter type abonnement (24, 36 eller 48 hentingar i året)
Fritidsbustader kan levere avfall i utplasserte containerar rundt om i Vågå.
På miljøstasjonen kan alle med bustad, fritidsbustad eller verksemd levere avfall.
Tlf nr til Miljøstasjonen: 97 55 47 44

Hentekalender 2013 med prisar og praktisk info

Opningstider for miljøstasjonen i Vågå:
Tysdag kl 12.00 - 18.00
Fredag kl 12.00 - 15.00

Det er også greitt å vere obs på at du kan nytte miljøstasjonane i nabokommunane.


Kriterium
Kommunen sine plikter er avgrensa til henting av hushaldningsavfall inntil 10 meter frå offentleg veg eller veg open for allmenn ferdsel.
Kunden har ansvar for å knyte saman søppelsekk og setje den til slik at den er innanfor gjeldande avstand frå offentleg veg.
Fritidsbustader skal levere sitt avfall i Vågå kommune sine søppelcontainerar.


Problemer med tenesta eller manglande søppeltømming?
Ta kontakt med teknisk sektor i Vågå kommune eller NGR.


Kostnader
Gebyra for renovasjon blir fastsett årleg av kommunestyret. Ved forseinka betaling blir det utrekna renter etter morarentelova. Vågå kommune har rett til å ta pant i eigedom ved uteblitt betaling.

Gebyroversikta finn du her


Kontaktopplysningar
Teknisk sektor
Edv. Stormsveg 2
2680 Vågå

Tlf 61 29 36 00
postmottak@vaga.kommune.no

Tema - info 
Vågå, Redaktør , 16.01.2008 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Tema - rediger 
Bilde - liten 
Bunnlogo noreg liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo regjeringa liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo fylkesmannen liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo ofk liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo nasjpark liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune