Miljø
Vågå er ein kommune med store naturressursar og nærleik til fleire nasjonalparkar. Vi er den kommunen i landet med størst andel freda hus, og vi har ei rik kulturhistorie.
Vågå kommune er sertifisert som
Miljøfyrtårn.
Laila Nersveen, tlf 61 29 36 15, er miljøfyrtårnansvarleg i Vågå kommune.
MILJØTIPS I KVARDAGEN
Vi veit alle at politisk handling må til for å gjera dei miljøvenlege vala viktige, men vi har alle ansvar for å stille miljøkrav til politikarane og vise vilje til forandring ved å vera eit godt eksempel sjølve. Her er nokre tips til korleis vi alle kan bidra (merk at du kan spare pengar samstundes som du sparar miljøet):
• Tenk deg om før du køyrer av stad i bilen din eller bestiller ein flytur, og bruk heller buss, tog, sykkel, samt gå og samkøyr så sant dette er mogleg. Er du avhengig av eigen bil, vel ein bil som brukar lite drivstoff. -I tillegg til å redusere klimagassutslepp og bruk av fossilt brensel, er desse handlingane med på å redusere luftforureininga og auke traffikksikkerheita, -samt at ein blir sprek av å gå og sykle!
• Spar straum ved å slå av ljoset når du ikkje er i rommet og slå av elektriske apparat når dei ikkje er i bruk (TV, radio, datamaskin o.s.v.). Slå òg av ”stand-by”-straum. Bruk energieffektive ljospærer og elektriske apparat. Energieffektiviser huset ditt ved å t.d. etterisolere, bruke reintbrennande vedomnar og installere solcellepanel.
• Kjøp lokalt produserte produkt og råvarer (t.d. mat): Støtt lokal næring samstundes som du er med på å redusere transportdistansen og transportkostnaden til varer.
• Reduser søppelmengdene dine ved gjenbruk, resirkulering, kompostering og ved å seia nei til plastikkposar samt velja varer med minst mogleg emballasje. Bruk tøybleier og biologisk nedbrytbare bleier til barna dine. Hald t.d. høner for å bli kvitt matrestar, -og få heimeavla egg på kjøpet!
• Bruk miljøvenlege (t.d. resirkulerte) produkt i heimen, sjå bl.a. etter Svane-merket i butikkane.
• Kontortips: Reduser paprirbruken ved å skrive ut på båe sider, bruke opp att papirrestar og bruke resirkulert papir. Slå av kopimaskina og datamaskina når dei ikkje er i bruk, eller set dei i ”sparemodus”.
Linkar til meir kunnskap om miljøtips, miljøarbeid, klimaendringar og global oppvarming: Grønn hverdag
Framtiden i våre hender
Miljølære-side for bærekraftig utvikling
ENOVA (organ for å fremje miljøvenleg energibruk og produksjon) Enøk CICERO, senter for klimaforsking
Norges naturvernforbund
Natur og Ungdom
Verdens naturfond
Greenpeace
Statens forurensningstilsyn (
m/klimakalkulator)
SSB sine sider med statistikk, tal og klimaforsking
Klimakutt (med personleg klimakalkulator)
Klimaløftet Lavutslipp Bellona
Changemaker Miljønyheiter frå Noreg og Norden Fremtiden i våre hender (handlar om utlsepp i samband med flytrafikk)