Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Servicetorg 61 29 36 00 Send oss epost
Større tekstMindre tekst
Gjest
 
Framsida > Skip Navigation LinksInternett Tenestetilbod > Vågå-fakta > Luftsport Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Luftsport i Vågå

¤EPII_TITLE¤ Vågå har naturgjevne forhold som gjer luftsport optimalt. Riksanlegget for Hang- og Paragliding ligg i Vågå, og kvart år blir det gjenomført ei større samling for seglflyentusiastar frå heile Europa.
Hang- og paragliding
Riksanlegget for hang- og paragliding ligg rett utanfor Vågåmo sentrum. Innafor ein radius på 1 time frå anlegget, finn du fleire av dei mest nytta flystadene i Norge: Vole, Salknapen, Blåhø, Frya, Bismo, Bøverdalen og Heidalen. Nokre av dei lengste distanseturane i Norge har dette området som utgangspunkt.

Nærmast ligg Vole, som du enkelt kan nå med bil. Denne startstaden blir nytta lokalt. Starten ligg på 1.060moh og nokre av dei aller beste termikkboblane finn du faktisk rett framfor startområdet. Høgdeforskjellen mellom start og landingsområde er ca 700 m. Sjølve startområdet er svært romsleg, med ma. ei planert flate for paraglider-start på omlag 400m2.

Du kan lese meir om riksanlegget ved å klikke på lenka under.

Rikssenteret for hang- og paragliding




Seglfly
Også innafor seglfly har Vågå eit sterkt namn og kvart år omkring påsketider arrangerer Drammen Flyklubb seglflytreff i Vågå, eller såkalla WaveCamp. Deltakartalet ligg på ca 100 pilotar frå heile Europa og dei nyttar Vågåvatnet som flystripe.

Les meir på desse sidene:

Drammen Flyklubb
WaveCamp
Tema - info 
Vågå, Redaktør , 20.11.2006 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Tema - rediger 
Bilde - liten 
Bunnlogo noreg liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo regjeringa liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo fylkesmannen liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo ofk liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo nasjpark liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune