|
|
Framsida > Kommunale tenester > A - å
Gå til hovedinnhold
Startlån
1. Formål Startlån skal bidra til at husstander med bustadetableringsproblem skal ha moglegheit til å etablere seg på bustadmarknaden i nøkterne og gode bustader.
2. Kven kan få lån Startlån er behovsprøvd og kan gjevast til: - Unge i etableringsfasen - Barnefamiliar - Einslege forsørgjarar - Funksjonshemma - Flyktningar - Personar som har opphaldsløyve på humanitært grunnlag - Andre økonomiske vanskelegstilte husstander
Lånesøkjaren må dokumentere at inntekter og eventuelle stønader er tilstrekkelege til å betjene renter og avdrag på lån i tillegg til vanlege levekostnader.
SIFO-modellen blir lagt til grunn for vurdering av søkjar sin økonomiske situasjon.
Jfr. Finansavtalelova §47 har långjevar (kommunen) plikt til å frårå søkjaren å ta opp lån om ein meiner at lånesøkjaren ikkje vil klare framtidige betalingsforpliktelser.
Før søknaden blir vurdert kan kommunen kredittsjekke låneskøkjaren. Lånesøkjaren må gje skriftleg fullmakt til dette.
Søknaden skal ved behov vurderast saman med søkjaren sin private bank.
3. Kva kan det bli gitt lån til Lån kan bli gitt til: - Kjøp av bustad - startlån kan bli gitt til kjøp av bustad som toppfinansiering eller fullfinansiering - Utbetring - startlån kan bli gitt til utbetring av bustaden (evt. kjøp + utbetring) - Oppføring av bustad - startlån kan bli gitt som toppfinansiering ved oppføring av bustad - Refinansiering - startlån kan bli gitt til refinansiering av dyrare lån, om det gjer at husstanden får moglegheit til å bli buande i bustaden - Førehandsgodkjenning - kommunen skal gje ei skriftleg godkjenning om at lånesøkjar vil få startlån om søkjar finn ein egna bustad
Kommunen skal vurdere kva for behov husstanden har, både om omsyn til bustad og finansiering. Bustaden skal vere rimeleg og nøktern i høve til marknadspris på staden. Valg av bustad og finansieringsløyve tingar at husstanden kan bli buande i bustaden. Det må vere eit vilkår at bustaden ikkje er dyrare enn at søkjaren kan klare å betjene buutgiftene over tid og likevel ha att til livsopphald.
Startlån kan bli gitt til refinansiering av private lån berre til eigen bustad.
4. Låneutmåling Startlån kan i særlege høve utgjere inntil 100% av finansieringsbehovet, men som hovudregel er startlån til toppfinansiering ved kjøp/bygging av bustad, normalt opptil maksimum kr 500.000,-.
Lånet sin storleik vil og, som nemnt under pkt 2, avhenge av husstanden sin økonomi og dessutan av låneutmåling frå anna långjevar.
5. Rente- og avdragsvilkår Vågå kommune vel rente- og avdragsvilkår med utgangspunkt i Husbanken sie rentevilkår. For tida er avdragstida inntil 25 år og 3 år avdragsfritt.
Endringar i rente- og avdragsvilkåra for Husbanken, etter vedtak i Stortinget, gjeld og for kommunale startlån.
Lånetilsagnet skal aksepterast innan ein månad etter at melding om tilsagnet er motteke. Lånet skal som hovudregel disponerast innan utgangen av påfølgjande år etter at det er akspetert. I motsett fall fell lånetilsagnet bort.
6. Lånesøknaden Lånesøknaden skal sendast til kommunen. Lånesøknaden blir avgjort av sosialleiar, jfr gjeldande delegasjonsvedtak.
Lånesøknadene skal behandlast etter kvart som dei kjem inn, men det må takast omsyn til samla lånekvote og seinare forventa søknader.
Det er inngått avtale med Lindorff AS om forvaltning av startlåna. Kostnaden ved forvaltninga av startlån blir belasta lånetakaren.
7. Sikkerheit Startlånet skal sikrast med pant i bustaden, innafor 100% av normal omsetningsverdi på bustadmarknaden i Vågå.
Lånet blir utbetalt av Lindorff AS når dei naudsynte lånedokumenta er tinglyst.
8. Klagerett Det er høve til å klage på kommunen sitt vedtak om tildeling, utmåling og avslag på lån. Klagen må vere skriftleg og sendast sosialkontoret. Klagen må grunngjevast og vise til det vedtaket det blir klaga på, og kva for ei endring som er ønskjeleg.
Klagefristen er tre veker frå underretning om vedtaket er motteke.
I Vågå kommune er Hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg klageinstans for startlånsaker.
Namn
Servicetorg og arkiv
Adresse
Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
Tlf
61 29 36 00
E-post
postmottak@vaga.kommune.no
Besøksadresse
Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
Ansvarleg eining
Helse og sosial
|
|
|
|
|
| |
|
Relaterte artiklar
|
Relaterte lenker
|
Relaterte tenester
|
Relaterte dokument
|
Stikkord
|
|
|
|
|