Løyve til omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord
Jordlova set forbod mot at dyrka mark blir nytta til formål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon og mot at dyrkbar mark blir disponert slik at ho ikkje blir eigna til jordbruksproduksjon i framtida.
Det kan bli gitt dispensasjon om ein etter ei samla vurdering finn at omdisponeringa er forsvarleg.
Løyve til omdisponering fell bort om arbeidet med å nytte jorda til nytt føremål ikkje er igangsett innan tre år.
Skjema
Søknadsskjema får du på landbrukskontoret.
Du kan også søkje utan skjema. Gi i så tilfelle opp kva for areal som skal omdisponerast (innteikna på kart i målestokk 1:5.000), kor stort det er og kva det skal nyttast til.
Handsaming
For mindre eigedomar vert søknaden avgjort av kommunen. Søknader som vedkjem større eigedomar, går vidare til fylkeslandbruksstyret til avgjerd.
|
|
|
|