|
|
Framsida > Kommunale tenester > Teknisk
Gå til hovedinnhold
Kart- og delingsforretning
Det skal gjennom saksbehandling og oppretting av eigarseksjonar sikrast ein tilfredsstillande kvalitet på eigedomar og eigarseksjonar. Kart og delingsforretningar skal gjennomførast i medhald til delingslova sine forskrifter.
Pris
Gebyr for behandling av søknader om deling og kart- og delingsforretningar blir betalt i medhald av betalingsregulativet som blir vedteke av kommunestyret. Gebyret for kart- og delingsforretning inklusiv tinglysing, betalast før saka blir sendt til tinglysing.
Sjå eige gebyrregulativ.
Namn
Kart og oppmåling
Adresse
Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
Tlf
61 29 36 00
E-post
postmottak@vaga.kommune.no
Besøksadresse
Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
Ansvarleg eining
Teknisk
Handsaming
Saksbehandlingstid/ventetid: Etter at godkjent søknad om deling av eigedom eller oppretting av eigarseksjonar føreligg, vil saksbehandlingstid/ventetid vere maksimum: - oppretting av eigarseksjonar eller grensejustering: 3 månader
Dette etter at eventuell dispensasjon frå kommuneplan er avklart. Eventuell klage på løyving til deling eller løyve til seksjonering kjem i tillegg.
Etter at komplett rekvisisjon av kart- og delingsforretning er motteke, vil saksbehandlingstid/ventetid vere maksimum: - mellombels kartforretning, når grense er klare: 2 veker - kart- og delingsforretning, om vinteren, når løyve er lagt fram 01.12: 8 månader - kart- og delingsforretning, om sumaren, når løyve er lagt fram 01.05: 5 månader - grensejustering, når justeringar er naudsynt for bl.a. byggjearbeid: som kart- og delingsforretning - grensejustering, andre saker: 10 månader
Eventuell klage på kart- og delingsforretning kjem i tillegg.
Andre ventetider, maksimum: - møte med partane frå oppmoding: innan 1 veke - saksbehandling av klage, frå klaga blir motteke til den blir sendt Fylkesmannen: 2 månader (saksbehandlingstid hos Fylkesmannen kjem i tillegg)
Føresetnader: Oppgjevne fristar er under føresetnad av at søknadene eller rekvisisjonane er fullstendige i henhald til delingslova sine forskrifter eller eigarseksjonslova.
Ved manglar frå kommunen si side får ferdigbehandling/avslutning av saka fyrste prioritet. Reklamasjon på saksbehandlingstid/ventetid rettast til teknisk sektor.
Klagemuligheit
Vedtak kan klagast inn for Fylkesmannen i Oppland.
Vi lover
Om vi ikkje klarar å halde fastsette behandlingstider, blir gebyret halvert.
Lover
Plan- og bygningslova, Delingslova og Eigarseksjonslova med forskrifter, samt kommunale arealplaner med føresegner.
|
|
|
|
|
| |
|
Relaterte artiklar
|
Relaterte lenker
|
Relaterte tenester
|
Relaterte dokument
|
Stikkord
|
|
|
|
|