Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Servicetorg 61 29 36 00 Send oss epost
Større tekststørrelseMinsk tekststørrelsen
Gjest
Framsida > Skip Navigation LinksArtiklar internett > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Artikkel 

Morten Krogvold - workshops i Vågå

¤EPII_TITLE¤ Norges kan hende mest kjende fotograf, Morten Krogvold, har etter kvart ei lang fartstid i Vågå. Her har han funne base for sine fotografiske workshops, som gjer deg til ein meir reflektert fotograf, men like viktig - eit meir reflektert menneske.
MORTEN KROGVOLD er fødd i Oslo i 1950 og er lektor i fotografi. Han har delteke på ei rekkje kollektivutstillingar i inn- og utland, og har hatt mange separatutstillingar. I 1979 vart han som andre fotograf i Norge antatt på Haustutstillinga og har hatt bilde der i 1980, 1981 og 1983. Han har motteke Statens reise- og studiestipend i 1979 og 3-årig arbeidsstipend for kunstnarar i 1980. I 1989 fekk han Fotografiprisen. Denne vart utdelt for fyrste gong i samband med 150-årsjubileet for fotografiet. Morten Krogvold vart også tildelt Oslo bys Kulturpris 1996.

Det er over ti år sidan Morten Krogvold heldt sin fyrste workshop i fotografi i Vågå. Den gongen var tanken å halde fire kurs. I januar 2005 blei workshop nr. 100 avvikla og over 3000 menneske har til no delteke på MKW. Rykta om hans pedagogikk, entusiasme og evne til å formidle fotografi spreier seg og han har halde internasjonale workshops i fotografi i England, USA, Italia, Kina, Sør-Afrika, Irland, Hellas, Portugal, Tsjekkia samt i dei nordiske landa.

På ein kulturkveld i Vågå i januar 2005 vart han utnemnt til riddar av 1. klasse av Den Kongelige St. Olavs orden.
Samme kvelden vart han også tildelt kulturprisen i Vågå for 2004.

Sjå følgjande sider for meir informasjon:

www.mortenkrogvold.com
www.fotografiakademiet.no
Info 
Vågå, Redaktør 23.11.2006 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Rediger 
Relatert informasjon 
Bunnlogo noreg liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo regjeringa liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo fylkesmannen liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo ofk liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo nasjpark liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune