Jo Gjende (1794-1884)
Jo Gjende heitte eigentleg Jo Tjøstolsson Kleppe. Foreldra døydde då han var liten og i 1803 flytta han til garden Heringstad i Heidalen, der tanta hans budde. Onkelen døydde då Jo var 13 år og han blei den eldste mannen på garden. Han var svært glad i å gå på jakt og i løpet av livet skal han ha skote rundt 600 rein, 4-5 bjørnar og ei mengd småvilt. Det var likevel ikkje så mykje pengar å tene på dette. Det meste han tente på jakta gjekk med til våpen og ammunisjon.
Då Jo var 42 år gammal flytta han frå Heringstad og etter ei stund busette han seg ved Gjende i 1842. Bua han budde i står framleis ved Gjendeosen. Jo vart buande ved Gjende i 8 år, til venen Jakob Kleiven sytte for at Jo fekk kjøpt seg sitt eige gardsbruk i 1850. Då hadde bygdefolket gjeve han namnet Jo Gjende.
Han blei kjend som jeger og fjellførar, då Ibsen passerte Vågå og Lom i 1862 var Jo Gjende på toppen av karriera si og det har blitt spekulert i om Ibsen også har hatt Jo Gjende i tankane då han skreiv om Peer Gynt.
Han heldt seg godt, Jo Gjende. Så seint som i 1877 skildra Barth han slik : "Han er selv i sitt 84. år ennå hva man kaller en røsslig kar med brede skuldre, høyt bryst og rank holdning. Hans ansiktstrekk er påfallende edle for en mann av hans stand, og kunne snarere antas å tilhøre en gammel vismann fra de høyere samfunnslag. Det hviler en slags verdighet over hans person, og han har en usedvanlig vellydende stemme. Han taler den i og for seg pene Vågå-dialekten aldeles rent, noe som er et unntak i bygda i dag."
I 1878, same år som Gjendesheim stod ferdig var Jo inne ved Gjende for siste gong. Det seiest at han ofte stansa på veg nedover til Øvre Sjodalsvatnet og såg seg tilbake mot Gjende.
Den første gravsteinen til Jo Gjende er borte, men Den Norske Turistforening sytte for å setje opp ein ny gravstein med eit vers skrive av Åsmund Olavson Vinje. Diktet blei opprinneleg skrive på eit pantedokument då Vinje lånte pengar for å betale sin del av hytta ved Eidsbugarden.
"Eg er som du vel veit,
ein fjellets mann,
og derfor dreg til fjells
so tidt eg kann".