Elevane lærte bakarfaget og kokkefaget av Morten Schakenda og Arne Brimi

Elevane ved ungdomsskulen fekk i dag lære både om baking og kokking av Morten Schakenda og Arne Brimi. Kokkekurset var ein del av kulturveka som går i skule og barnehage i Vågå denne veka.
Morten Schakenda og kollega frå Bakeriet i Lom hadde med seg ein rekkje deigar som elevane fekk lære om, og dei fekk bake ut både Bakeriet i Lom sine berømte kanelsnurrer og brød og rundstykke. Bakarar er eigentleg nattmenneske, men hadde altså ein ekstra lang arbeidsdag sidan dei kom til oss klokka åtte om morgonen.


Arne Brimi stilte også opp i lag med lærling frå Vianvang. Han lærte elevane om ein rett av fisk, og hadde sjølvsagt også med seg sjalottlauk!


Tusen takk til Arne og Morten for at dei tok seg tid til dette, og takk til Bjørg i Opplæringskontoret Brimi Kjøken for å ha organisert det heile for oss.
Meir om kva som skjedde på dag 1 av kulturveka kan du lese om ved å klikke på denne lenka.