Tilskot til tilpassing/utbetring av bustad i 2012

Du kan få tilskot til å tilpasse/utbetre bustaden etter dine behov dersom du har varig nedsett funksjonsevne eller er økonomisk vanskelegstilt.
1. Å tilpasse ein bustad betyr å gjera den meir tilrettelagt til å fungere ved spesielle behov, for eksempel funksjonshemming.
2. Å utbetre ein bustad betyr å gje bustaden høgare standard enn tidlegare, for eksempel enøk-tiltak.
Kven kan få tilskot til tilpassing eller utbetring?
Tilskot blir gjeve til enkeltpersonar/husstander med varig låg inntekt og som ikkje er i stand til å finansiere tiltaket med lån. Ordninga er sterkt behovsprøvd og berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få tilskot. Ettespørsel etter tilskot er stor og prioritering av søknader vil variere frå kommune til kommune.
Korleis søkje?
Tilskot til tilpassing/utbetring blir søkt til den kommunen du bur i. Ta kontakt med servicetorget så vil du få skjema og rettleiing der. Skjema finn du og på Husbanken sine sider.
Det er ikkje fast søknadsfrist og søknadene blir handsama etter kvart som dei kjem inn.
Ved underskrift av søknadsskjema gjev du fullmakt til kommunen til å innhente kredittopplysningar