Vågå-skulane og Klimapark 2469 skal ut i verda!

Vågå kommune har, i samarbeid med Fjellmuseet i Lom og Klimapark 2469, fått positivt svar på ein søknad om EU-midlar. Dei neste to åra skal skulane i Vågå, i saman med ein region i Tyskland, utvikle praktiske undervisningsmetodar i skulen knytt til natur og miljø.
Vågå kommune har fått 45 000 Euro som skal brukast over to år til dette prosjektet. I Vågå er det Vågå kommune, Sjårdalen oppvekstsenter, Lalm oppvekstsenter, Vågåmo skule og Fjellmuseet/Klimapark 2469 som har søkt saman.
Meir uteskule og natur
I fjor knytte Vågå kommune kontakt med regionen Bad Tölz i Bayern i Tyskland. Målet var å sende inn ein felles søknad om å få EU-midlar til å utvikle meir praktiske undervisningsmetodar og for å knytte kontaktar mellom dei to regionane. Søknad vart sendt i februar, og i sommar har begge regionane fått positivt svar på søknaden om å etablere eit Comenius Regio-partnarskap .
Prosjektideen er å utvikle meir praktiske læringsmetodar for å betre basisdugleikar og betre elevane sin sjølvkjensle og evne til å samarbeide. Spesielt ønskjer ein gjennom dette prosjektet å satse på utdanning i miljøfag og undervisning knytt til natur (mykje av det vi kallar ”uteskule” her i Noreg).
Region som liknar veldig på Nord-Gudbrandsdalen
Regionen heiter Bad Tölz og ligg i delstaten Bayern. Regionen ligg sør i Tyskland, om lag 50 km frå München – ikkje langt frå Alpane. Dei tre institusjonane som samarbeider i dette prosjektet er skulekontoret for Bad Tölz, Volksschule Königsdorf og Youth training center Königsdorf. Det er altså den vesle plassen Königsdorf som vil vere sentrum for reisene ned dit.
Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 260 elevar og jobbar mykje med å utvikle praktiske læringsmetodar.
Youth training center er noko som kan minne om ein leirskule her i Noreg. Det er eit senter for miljøvern, har type summarleir og prøver å hjelpe ungdom til å ta ansvar for eige liv og for miljøet. Dei har naturopplevingar for unge mellom ti og seksten år – slik som ekskursjonar, naturopplevingsveker, grotteekskursjonar, klatring – i tillegg til leire der miljøspørsmål står på dagsorden.
Mange turar til Tyskland
Både lærarar, skuleadministrasjon i kommunen og tilsette ved Fjellmuseet vil vere involvert i dette prosjektet. Det blir lagt opp til fire besøk til Tyskland i løpet av to år, og fyrste prosjektmøte blir i Vågå 10-14.oktober. Då kjem ei gruppe frå Tyskland hit til Vågå for å bli kjende med området og personane dei skal samarbeide med.
Klimaparken gler seg til samarbeidet!
Klimapark 2469 uttaler at dei ser fram til samarbeidet, og har store forventingar til dette. Prosjektet passar godt saman med ein del av tinga dei allereie driv med og ønskjer å utvikle i tida framover.
Barn og unge er hovudmålgruppe for Klimaparken og dei arrangerar eigne klimacampar og formidlingsopplegg i samarbeid med mellom anna skular, Natur og Ungdom og DNT. Eit konkret eksempel er tilbodet dei har gjeve 9. klassane i regionen (Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk). No tek dei altså steget vidare og har gått inn i samarbeidet med Vågå kommune om dette EU-prosjektet.
- Vi ser moglegheita til å utvikle konseptet med både for- og etterarbeid, og gjennom pedagogisk utvikling. Ideen og måla som prosjektet søker mot, er retta mot akkurat dette arbeidet og vil vera med å utvikle Klimaparken som ein formidlingsarena også utover sine fysiske grensar, uttaler Dag Inge Bakke som jobbar med Klimapark 2469.
Som ein del av dette arbeidet jobbar Klimapark 2469 med å skape eit ”Klimalaboratorium” der publikum/skuleelevar sjølv kan gå inn å gjere sine observasjonar og målingar. Dette skal kunne gjerast både fysisk i klimaparken, men også interaktivt gjennom målestasjonar og webkamera via ein nettplattform. Dette er ting som kan prøvast ut og delast med regionen i Tyskland
- Gjennom praktiske og konkrete læringsmetodar håper vi å vekke interesse for naturstudie og miljøovervaking og såleis også kunne betre haldningar og ansvar for vår felles natur, avsluttar Dag Inge Bakke i frå Fjellmuseet.
___________________________________________________________________