Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Servicetorg 61 29 36 00 Send oss epost
Større tekststørrelseMinsk tekststørrelsen
Gjest
Framsida > Skip Navigation LinksNyheiter internett Gå til hovedinnhold
Artikkel 

Inngjerdning av fritidsbustader

¤EPII_TITLE¤ Mange hytteeigarar ønskjer å gjerde inn hyttene pga beitedyr, men m.a. beiterettar i utmarka gjer at det ikkje er kurant å opne for inngjerding over alt. Også omsyn til frilfuftslivsinteresser og landskap/estetikk gjer at det ikkje er ønskjeleg med omfattande inngjerding i fjell og utmark.

Formannskapet har vedteke retningsliner for gjerde i tilknyting til fritidsbustader, som opnar for inngjerding av inntil 50 m2 eller 50 løpemeter pr hytte. Eit slik gjerde skal vera festa til vegg i begge endar, og det er sett fokus på utforming som skal hindre at beitedyr og vilt går seg fast eller kjem til skade i gjerdet.

Kommunen registrerer at enkelte har oppfatta retningslinene som ei direkte godkjenning for oppføring av gjerde. Dette stemmer ikkje, da kvar hytteeigar framleis må forhalde seg til grunneigar og til kvar tid gjeldande reglar fastsett i reguleringsplanane for hytteområda.

Statskog er grunneigar på fleire av hyttefelta i Vågå, og på grunn av beiterettane i statsallmenninga ønskjer ikkje Statskog å opne for meir enn 20 løpemeter eller 20 m2 på sine område. Fleire av reguleringsplanane i kommunen har elles forbod mot oppføring av gjerde gjennom planføresegnene, og dette medfører at planen må endrast på dette punktet dersom den enkelte hytteeigar skal sleppe å søkje om dispensasjon frå planen.

Før slik planendring blir gjennomført, må søknad om inngjerding vurderast som dispensasjonssak. Kommunen ønskjer å få eit mest mogleg samordna regelverk over heile kommunen, og vil rette ein førespurnad til alle grunneigarar med regulerte hytteområde om dei er interesserte i å delta i ein prosess for å gjennomføre planendring som opnar for inngjerding innanfor rammene som er sett gjennom retningslinene. Kvar planeigar vil stå fritt om dei ønskjer å opne for inngjerding i det heile, eller om dei vil leggje seg under den øvre grensa på 50 m2/lm – slik Statskog allereie har signalisert gjennom si tilbakemelding om maksimalt 20 m2/lm inngjerding pr hyttefeste.


Info 
Vågå, Redaktør 08.07.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Rediger 
Relatert informasjon 
Bunnlogo noreg liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo regjeringa liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo fylkesmannen liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo ofk liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo nasjpark liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune