Bustønad

Vi vil på nytt opplyse om høve til å søkje om bustønad for dei som har låg inntekt og høge buutgifter. Søknadsfristen er den 14. i kvar månad. Inntektsgrensa for 1 person er kr 179 186. For 2 personar aukar inntektsgrensa til kr 201 300 osv.
Ønskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med servicetorget på kommunehuset
Nye tall viser at fleire nye husstandar kan koma inn i den statlege bustønadsordninga. Etter at regelverket vart endra 1. juli 2009 slik at så godt som alle med låge inntekter i høve til utgifter kunne søke om busønad, auka antal nye husstandar som fikk stønad med rundt 2 000 i månaden i andre halvår 2009. I første halvår har tilveksten vore under 1 000 nye husstandar per måned. I mai kom 800 nye husstandar med i ordninga. Totalt fikk 124 200 husstandar bustønad denne månaden, og det var 17 800 fleire enn i same måned året før.