Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Servicetorg 61 29 36 00 Send oss epost
Større tekststørrelseMinsk tekststørrelsen
Gjest
Framsida > Skip Navigation LinksArtiklar internett > Oppvekst og skule Gå til hovedinnhold
Artikkel 

Hanne Blåfjelldal - prosjektleiar for Norges beste skule

¤EPII_TITLE¤ Vågå kommune har lansert eit prosjekt som har som målsetting å skape Norges beste skule. Til å leie dette prosjektet har kommunen no tilsett Hanne Blåfjelldal (28) frå Bagn. Blåfjelldal kjem frå stilling som politisk rådgjevar på Stortinget, for FrP si stortingsgruppe. Hennar arbeidsområde har vore skulepolitikk. Ho reknar med å kunne starte i Vågå 11. januar 2010.
Blåfjelldal har elles ein allsidig bakgrunn, med m.a. mastergrad i samfunnsgeografi, bachelorgrad i samfunnvitenskap og studium i offentleg administrasjon og planlegging. Ho har i tillegg til jobben på Stortinget, eit allsidig politisk engasjement å vise til og ho sit og som medlem av formannskap og kommunestyre i Sør-Aurdal.

Hanne Blåfjelldal uttrykkjer at denne stillinga er ein "draumejobb" som kombinerar dei to fagområda som interesserar ho særleg; skuleutvikling og distriktspolitikk. Ho seier og at ho har eit brennande engasjement for at distrikts-Norge skal utvikle seg og at ein liten kommune har moglegheit til å skape noko unikt.

Sektorsjef Kjell Nyhus seier at han no gleder seg og er utålmodig etter å kome igang med prosjektet på rett, og han ser fram til å få prosjektleiaren på plass. Han vil samstundes streke under at det ikkje er prosjektleiaren åleine som skal bere heile prosjektet. - Prosjektleiaren blir ein koordinator og pådrivar, men er avhengig av mange støttespelarar for at prosjektet skal lukkast, seier Nyhus.

Info 
Vågå, Redaktør 25.11.2009 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Rediger 
Relatert informasjon 
Bunnlogo noreg liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo regjeringa liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo fylkesmannen liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo ofk liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo nasjpark liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune