Vågå-fakta
Vågå ligg sentralt til som innfallsport til Europas nasjonalparkrike nr 1. Vi har ei rekkje naturgjevne og tilrettelagte føresetnader som gir rikt monn for det gode liv. Vi tilbyr eit variert næringsliv, gode fritids- og rekreasjonstilbod, eit kulturtilbod av både høg kvalitet og allsidig innhald, gode oppvekstvilkår med full barnehagedekning, ein god skule og ein kommune som tenkjer utvikling og moglegheiter.
Ordførar:
Iselin Jonassen (Ap)
Administrasjonssjef:
Tor Arne GangsøNokre talfakta
Sjå Statistisk Sentralbyrå for oppdatert folketal og andre fakta:
http://www.ssb.no/kommuner/region.cgi?nr=05Areal:
Vågå dekkjer eit område på 1.349km2, nærare fordelt på landskapskategoriar som følgjer:
Evig snø og is - 29 km2 fordel tpå 53 område, 2,1%
Snaufjell - Ikkje oppmålt, anslått til 62%
Skogkledd areal - 340 km2, 25,2%
Ferskvatn - 77 km2 fordelt på 677 vatn, 5,7%
Myr - 21 km2, 1,6%
Dyrka mark - 32 km2, 2,4%
Anna areal (bebygd mv) - Ikkje oppmålt, anslått til 1%
Næringsliv
Næringssamansettinga er i grove trekk som følgjer:
Jordbruk/skogbruk - ca 16%
Industri/bergverk/bygg og anlegg - ca 24%
Reiseliv - ca 11%
Varehandel - ca 12%
Off. og privat tenesteyting - ca 37%