Føremål med masterplanMasterplanlegging er heilskapleg planlegging for å fremme reiselivsnæringa i eit område. Planen kan i prinsippet ta opp alle sider ved dette, men følgjande forhold er vesentleg for Lemonsjøen:
1. Offentleg / felles infrastruktur: veg, vatn, avløp, el., tele og samferdsel
2. Grønstruktur
3. Allmenne friluftsområde og fritidstilbod: Turstigar, skiløyper, badestrender, naturstiger, utstillingar, fiske, jakt, m.v.
4. Kommersielle fritidstilbod: Alpint, freestyle, golf, ballspel, riding, motor, skyting, sykkel, guiding, aktivitetstilbod m.v.
5. Utbygging av overnattings- og serveringstilbod
6. Marknadsføring, merkevarebygging og vertskapsrolle