Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Servicetorg 61 29 36 00 Send oss epost
Større tekstMindre tekst
Gjest
 
Framsida > Skip Navigation LinksInternett Tenestetilbod > Kultur og fritid > Kunst- og kulturformidling Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Kunst- og kulturformidling

Gjennom kunst- og kulturformidling skal vi:

Utvikle eit rikt opplevings-, kultur- og fritidstilbod for innbyggjarane og andre, med vektlegging på oppleving, trivsel og utvikling
Gje barn og unge eit opplevingstilbod som samla kan gje den enkelte utfordringar og ein meiningsfylt og trygg oppvekst
Vidareutvikle Vågå som treffsenter med kulturformidling som basis
For grunnskuleelevane omfattar tenestetilbodet eit breitt spekter av formidlingstilbod, som rikskonsertar, lokale konsertar, teaterforestillingar, dans, film, litteratur, visuell kunst, museale tilbod, ymse kulturverkstader, lokale opplegg og produksjonar mv., jfr Den kulturelle skulesekken.

For innbyggjarar og publikum elles; konsertar, utstillingar, filmtilbod, kulturkveldar, festivalar, Vågå-dågå, ulike kulturtreff, utstillingar, stemne, kappleik, gardsbesøk og ymse lokale arrangement som friluftsopplegg, idrettsarrangement mv.

Dei fleste av tenestene har Vågå kulturhus og Vågåhallen som arenaer.

Opplysningar om, og/eller billettsal til offentlege kunst- og kulturformidlingstilbod, får du ved å kontakte Servicetorget i Vågå kommune, tlf 61 29 36 20.


Kostnader
Kunst- og kulturformidlingstilboda i kommunal regi, både for grunnskuleelevane og publikum elles, er basert på betydelege kommunale kostnader.

Tilboda til grunnskuleelevane i skuletida er gratis for elevane, men med betydelege kommunale kostnader. Publikum elles må betale for tenestene.


Kontaktinformasjon
Oppvekst og kultur
Edv. Stormsveg 2
2680 Vågå

Tlf 61 29 36 00
postmottak@vaga.kommune.no

Tema - info 
Vågå, Redaktør , 26.09.2007 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Relatert informasjon 
Tema - rediger 
Bilde - liten 
Bunnlogo noreg liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo regjeringa liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo fylkesmannen liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo ofk liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune Bunnlogo nasjpark liten, Fotograf: Redaktør, Copyright: Vågå kommune