Idrettsarbeid

Vi skal hjelpe til slik at det er eit aktivt idrettsliv i kommunen og at den fysiske aktiviteten både organisert og uorganisert er stor og god.
Idrettsmedarbeidaren held til i sektor for oppvekst, kultur og næring og vil hjelpe alle i kommunen som driv med fysisk aktivitet innafor ramma som er ei 50% stilling. Idrettsmedarbeidaren er også tilgjengeleg ein kveld pr veke for klubbane. Idrettsmedarbeidaren skal besøkje alle idrettslag og klubbar minst ein gong i året for å kartlegge idrettslaga og klubbane sine behov og drøfte samarbeidsoppgåver og omfang.
Idrettslag og klubbar kan søkje støtte til husleigeutgifter, anleggstøtte og kulturmidlar. Totalt utbetalar Vågå kommune kr 740.000,- i støtte i 2009.
Målgruppe
Tenesta er tilgjengeleg for alle i kommunen som driv organisert og uorganisert fysisk aktivitet. Målgruppa er også andre som ønskjer å søkje om spelemidlar (nærmiljøanlegg), som t.d. velforeiningar, grendalag mv.
Kostnader
Bruk av tenesta er gratis. Leige av Vågåhallen og svømmebassenget har ein fast pris pr time.
Vågå kommune tilbyr no gratis husleige for dei som driv organisert treningsaktivitet for barn under 18 år. Det er og gratis svømmehall ein kveld i veka i perioden september til mars.
Kontaktinformasjon Oppvekst og kultur Edv. Stormsveg 2
2680 Vågå
Tlf 61 29 36 00
postmottak@vaga.kommune.no