Kart og oppmåling
Det skal gjennom saksbehandling og oppretting av eigarseksjonar sikrast ein tilfredsstillande kvalitet på eigedomar og eigarseksjonar. Kart og delingsforretningar skal gjennomførast i medhald til delingslova sine forskrifter.
Saksbehandlingstid/ventetidEtter at godkjent søknad om deling av eigedom eller oppretting av eigarseksjonar føreligg, vil saksbehandlingstid/ventetid vere maksimum:
- oppretting av eigarseksjonar eller grensejustering: 3 månader
Dette etter at eventuell dispensasjon frå kommuneplan er avklart. Eventuell klage på løyving til deling eller løyve til seksjonering kjem i tillegg.
Etter at komplett rekvisisjon av kart- og delingsforretning er motteke, vil saksbehandlingstid/ventetid vere maksimum
- mellombels kartforretning, når grense er klare: 2 veker
- kart- og delingsforretning, om vinteren, når løyve er lagt fram 01.12: 8 månader
- kart- og delingsforretning, om sumaren, når løyve er lagt fram 01.05: 5 månader
- grensejustering, når justeringar er naudsynt for bl.a. byggjearbeid: som kart- og delingsforretning
- grensejustering, andre saker: 10 månader
Eventuell klage på kart- og delingsforretning kjem i tillegg.
Andre ventetider, maksimum
- møte med partane frå oppmoding: innan 1 veke
- saksbehandling av klage, frå klaga blir motteke til den blir sendt Fylkesmannen: 2 månader (saksbehandlingstid hos Fylkesmannen kjem i tillegg)
Føresetnader
Oppgjevne fristar er under føresetnad av at søknadene eller rekvisisjonane er fullstendige i henhald til delingslova sine forskrifter eller eigarseksjonslova. Ved manglar frå kommunen si side får ferdigbehandling/avslutning av saka fyrste prioritet. Reklamasjon på saksbehandlingstid/ventetid rettast til teknisk sektor.
Klage Vedtak kan klagast inn for Fylkesmannen i Oppland.
Kostnader
Gebyr for behandling av søknader om deling og kart- og delingsforretningar blir betalt i medhald av betalingsregulativet som blir vedteke av kommunestyret. Gebyret for kart- og delingsforretning inklusiv tinglysing, betalast før saka blir sendt til tinglysing.
Sjå eige gebyrregulativ.
Kontaktinformasjon Teknisk sektorEdv. Stormsveg 2
2680 Vågå
Tlf 61 29 36 00
postmottak@vaga.kommune.no Serviceerklæring
Vi lover at:
Om vi ikkje klarar å halde fastsette behandlingstider, blir gebyret halvert.