Renovasjon

Kommunen skal sikre at alle abonnentar får henta sitt hushaldningsavfall. I tillegg skal kommunen gje eit tilbod til dei som har meir avfall enn det som kan leverast i den ordinære renovasjonsordninga ved Miljøstasjonen i Vågåmo.
Tenesta omfattar:
Henting av hushaldningsavfall etter fastsett hentekalender etter type abonnement (24, 36 eller 48 hentingar i året)
Fritidsbustader kan levere avfall i utplasserte containerar rundt om i Vågå.
På miljøstasjonen kan alle med bustad, fritidsbustad eller verksemd levere avfall.
Tlf nr til Miljøstasjonen: 97 55 47 44
Hentekalender 2013 med prisar og praktisk infoOpningstider for miljøstasjonen i Vågå:
Tysdag kl 12.00 - 18.00
Fredag kl 12.00 - 15.00
Det er også greitt å vere obs på at du kan nytte miljøstasjonane i nabokommunane.
Kriterium
Kommunen sine plikter er avgrensa til henting av hushaldningsavfall inntil 10 meter frå offentleg veg eller veg open for allmenn ferdsel.
Kunden har ansvar for å knyte saman søppelsekk og setje den til slik at den er innanfor gjeldande avstand frå offentleg veg.
Fritidsbustader skal levere sitt avfall i Vågå kommune sine søppelcontainerar.
Problemer med tenesta eller manglande søppeltømming?
Ta kontakt med teknisk sektor i Vågå kommune eller
NGR.
Kostnader
Gebyra for renovasjon blir fastsett årleg av kommunestyret. Ved forseinka betaling blir det utrekna renter etter morarentelova. Vågå kommune har rett til å ta pant i eigedom ved uteblitt betaling.
Gebyroversikta finn du her
Kontaktopplysningar
Teknisk sektor
Edv. Stormsveg 2
2680 Vågå
Tlf 61 29 36 00
postmottak@vaga.kommune.no