|
|
Framsida > Internett Tenestetilbod > Kultur og fritid > Vågå Kulturskule
Gå til hovedinnhold
Vågå kulturskule

Vågå kulturskule har undervisning 4 dagar i veka. Undervisninga går føre seg på AktivitetsHUSET, på Vågåmo skule. For det meste er undervisninga etter skuletid, men nokre av elevane har individuell undervisning i skuletida. Kulturskulen vart starta opp i 1992 som musikkskule, og vart i 2001 utvida til å vere ein kulturskule etter eit treårig forsøksprosjekt.
Skuleåret 2012/13 har vi mykje som skal skje, mellom anna:
• Danseframsyning i samarbeid med nabokommunane våre og Vinstra vidaregåande skule den 24. november, Otta kulturhus • «Jul i Vågå» - julemarknad og konsert i Jutulheimen, kulturskulen deltek med ein del elevar på arrangementet den 1.desember • Julekonsert i Vågå kulturhus den 12. desember • Trommeworkshop på Vågåmo skule helga 24. – 25. november • Open scene i samarbeid med bokhandelen kafè den 19. januar og den 9. mars • Huskonsertar • Stort samspelprosjekt, vårhalvåret 2012 • Jubileumsforestilling den 8. juni – kulturskulen er 20 år, og det må markerast på høveleg vis • Open undervisning for dei føresette i januar – elevsamtale • UKM er ein viktig arena for kulturskulen i Vågå, mange deltakarar frå Vågå
Har du spørsmål om kulturskulen og tilbodet, kan du kontakte kulturskulerektor Anita Moe, tlf 61 29 36 27, anita.moe@vaga.kommune.no
Å vere elev i Vågå kulturskule Om du blir tatt opp som elev ved Vågå kulturskule, må du følgje reglane for kulturskulen. Den som får tilbod om plass i kulturskulen, vil få utdelt eit "forventningsnotat" som elev og føresette skal samtykke i før skulestart om hausten. Dette "forventningsnotatet" seier mellom anna noko om øving, frammøte, respekt for lærarar og medelevar, motivasjon, samarbeid mellom kulturskule og heim og oppfølging av eleven sin innsats og utvikling.
Prisar 2012/2013
Undervisning Instrumental- og vokalundervisning: 990,- pr halvår Bandundervisning: 940,- pr halvår All anna undervisning: 940,- pr halvår
Om du har søskjen i kulturskulen vil barn nr to få 25% rabatt, born nr tre får 50% rabatt osb. I enkelte tilfelle kan ein søkje om friplass. Ta kontakt med kulturskulerektor ved spørsmål.
Instrumentleige Kulturskulen har nokre intrstrument til leige: torader, trekkspel, fløyte, saksofon, klarinett og fele. Prisen for å leige instrument er kr 200,- pr halvår 1. leigeår. Kulturskulen har innført progressive satsar på utleige, for å betre sirkulasjonen på instrumenta og for å kunne halde eit forsvarleg nivå på instrumenta som blir leigd ut. Kulturskulen sender ut eiga kontrakt til dei som ønskjer å leige instrument. Der står også reglane for utleige av instrument.
Opplæringstilbod 2012/2013
Karusell Eit tilbod for 1. - 4. klassingane, der ein er innom fire ulike stasjonar i løpet av eitt år: musikk, dans, kunst/handverk og teater. Om lag 9 veker på kvar stasjon. Dette er eit tilbod ein kan vere med på fleire år på rad, det er lagt opp til progresjon i undervisninga for dei som har vore med tidlegare. Undervisninga er på torsdagar. Lengde: 45 - 60 minutt, etter fag. Lærarar på karusell er: Silje Jonassen, Elisabeth Henriksen, Eli Hårklau og Paulo Macamo
Instrumentalundervisning Det er 25 minutt pr elev kvar veke når det er individuell undervisning, samspel og lengre øving i blant. - Piano (frå 6 år), måndagar – lærar: Ragna Bakke - Fiolin (frå 6 år), onsdagar – lærar: Ilona Szucs - cello (frå 7 år), onsdagar – lærar: Ilona Szucs - Torader (frå 7 år), onsdagar – lærar: Brit Alseth - Trekkspel (frå 7 år), onsdag – lærar: Brit Alseth - Fløyte (frå 7 år), onsdagar – lærar: Anita Moe - gitar ( frå 9 år), onsdagar og torsdagar – lærar: Paulo Macamo -bassgitar (frå 12 år), onsdagar og torsdagar – lærar: Paulo Macamo Slagverk (frå 10 år), onsdagar og torsdagar lærar: Paulo Macamo
Bandundervisning: Her får ein undervisning i gruppe og noko individuelt, på gitar, bass, trommer, keyboard og vokal. Undervisningstid ca 1,5 time kvar veke pr band. Lærarar på band: Jostein Hovde og Paulo Macamo
Vokalundervisning - songundervisning individuell 25 minutt kvar veke. Lærar: Eli Hårklau
Teater - Barne- og ungdomsteater (frå 6. årssteg))
Dei som melder seg på teater, får bli med på spennande jobbing mot ei oppsetting. Kva for oppsetting vi plukkar ut i år, avheng av kor mange og kven som meldar seg på. Det vil og bli ein del arbeid med improvisasjon og dramaleik. Undervisningstid: 2x45 minutt kvar veke Lærar: Anita Moe
Dans - Moderne dans, barn (2. - 7. klasse), 45 minutt, her vil ein prøve å dele inn etter alder og nivå - Moderne dans, ungdom (8. klasse - 18 år), 60 minutt - Hiphop - eit tilbod frå 10 år og oppover Danselærar: Silje Jonassen
Visuelle kunstfag Vi har i år inga gruppe på kunst og handverk. Håpar på fleire påmeldte neste år. PÅ dette faget vil ein mellom anna arbeide med teikning og måling og ulike kunsthandverkstradisjonar. Tidsramme: ein og ein halv time.
- Kunst og handverk 1 (4. - 7. klasse) - Kunst og handverk 2 (frå 8. klasse)
Samarbeid med heimane og resten av samfunnet: Foreldreutval: Kulturskulen har eige foreldreutval med 5 medlemmar. Leiar skuleåret 2012-13 er Ingunn Munch Lindvig Foreldreutvalet er bindeleddet mellom kulturskulen og heimane og hjelper mellom anna til ved større arrangement. Dessutan blir ulike tema tatt opp. Alle føresette til elevar i kulturskulen har plikt til å hjelpe til ved arrangement dersom det trengs, foreldreutvalet organiserar arbeidet.
Samarbeidsutval: Nytt av året er kulturskulens samarbeidsutval, med representantar for lag og organisasjonar, det politiske miljøet, dei føresette og kulturskulelærarane. Vi har om lag 4 møter pr skuleår. Dei valde represntantane for 2012/13 er: Ingunn Munch Lindvig (dei føresette) - leiar Eli Hårklau (kulturskulelærarane) - sekretær Erik Lillebråten (lag og foreiningar) Nina Løkken Bråten (det politiske miljøet) Anita Moe (rektor i kulturskulen)
|
|
|
|
|
|