Temakveld - "Husker du meg?"

torsdag 12. oktober 2017, 19:00 - 22:00

Informasjon

Demensforeninga i Lom, Sel og Vågå inviterer til temakveld på Vågå kulturhus, torsdag 12. oktober kl 19.00.

"Husker du meg?"

Ein film om Siri og to andre yngre personar med ei demensdiagnose. Siri fekk diagnosa i ein alder av 38 år. Ho bur no på institusjon, medan ektemannen må halde fram med kvardagslivet som ho eigentleg skulle delteke aktivt i. 

På mange måter er det minna som bind oss menneskje saman. Kva skjer med relasjonane når minna forsvinn?

 

Program:

 

19:00   
Filmen «Husker du meg»

Dialog med regissør Ragnhild Nøst Bergem og spørsmål frå salen.

For henne har det vore viktig å vise dei fine øyeblikka. Når eit menneskje blir ramma av ein demenssjukdom så er det mykje som blir krevjande, både for den sjuke og dei som står rundt.

Filmen har vunne pris for beste dokumentar under Amandus internasjonale studentfestival på Lillehammer tidlegare i år.
 

Det blir moglegheit til å få kjøpt seg kaffe og kake.

Velkommen!

Stad

Vågå kulturhus
Vågåvegen 60,  2680 Vågå

Tlf.: 61293950

Kontakt

Demensforeninga i Lom, Sel og Vågå
 

Legg til hendinga i din kalender